Heilaften med show og vårt tradisjonsrike julebord

I fleire år har me skapt julestemning, og me gler oss til å invitere våre julebordsgjester til eit pynta hotell også i år. Kvar fredag og laurdag frå 22. november til 14. desember er det duka for julebord* på Stord Hotell. Hos oss kan du nyte vårt store, innbydande og velsmakande julebord. Vårt tradisjonelle julebord består av varme og kalde rettar, dessert- og kakebord med søte freistingar. Her finn du alt du kan tenkje deg av julemat- og litt til! Me kan mellom anna tilby pinnekjøt frå Lundal, pølse og spekemat frå Åkrafjorden og sprøsteikt svineribbe frå Fana. På vårt velfylte julebord kan me i tillegg freiste med herleg sjøkreps, ferske reker og hummar. Me tek vare på gode, norske julemattradisjonar!

Etter eit festleg og godt måltid tilbyr me i år 4 fantastiske julebordshow. Det vert spela opp til dans i pianobaren vår etter underhaldinga i Valhall.

*MERK: Fredag 22. og fredag 29. november er det ikkje julebord, men 3- eller 4-retters julemeny

 

23. NOV – JOHAN GOLDEN

Ein god latter forlengjer livet og dette er stand up-showet ein bør få med seg! Johan Golden er kjend for dei fleste gjennom fleire suksessar på TV, radio og scene. Med sin røffe, autoritære og samstundes tilbakehalden stil vinn han publikum med velformulerte spark i alle retningar.

Pris ikkje buande, kr. 1.095,-
Pris pr. person i dobbeltrom, kr 1.795,-

 

30. NOV – HEINE TOTLAND  

Heine Totland’s Rock and Roll Circus – Denne humørpilla av eit band får stemninga i taket, og er perfekt for ein festkveld i alle aldre. Med spelegleda og smittande energi vert det servert dei beste “Rock & Roll låtane frå 50- og tidleg 60- talet.

Pris ikkje buande, kr. 1.195,-
Pris pr. person i dobbeltrom, kr 1.895,-

 

6./7. DES – ROCKY BIANCO BAND

Musikarane i The Rocky Bianco Band har spelt saman sidan 2009 og feirar i år 10 års-jubileum. Bandet har brei musikalsk erfaring, og spelar “coverlåtar” som passar dei fleste arrangement. Dei varierte låtvala spenn frå 70-talet disco til nokon av dagens mest populære låtar. Bandet startar kvelden med ein minikonsert, deretter spelar opp til dans.

Pris ikkje buande, kr. 995,-
Pris pr. person i dobbeltrom, kr 1.695,-

 

13./14. DES – TIDSREISEN MUSIKKSHOW

Me gjentar suksessen frå i fjor! Roy Vorland, Linda Ekeland og Anette Genius med band tek oss igjennom eit forrykande musikalsk show. Me spolar tilbake og puplikumsfavorittane frå dei største 10’år skal framførast. Velkomen til ein heilaften med show og servering av vårt bugnande julebord på same plass!

Pris ikkje buande, kr. 1.095,-
Pris pr. person i dobbeltrom, kr 1.695,-

 

Julebord med overnatting inkluderar:

Aperitiff i baren – Vårt store tradisjonelle julebord – Kveldens stand-up eller musikkshow i Valhall – Levande musikk i pianobaren – Overnatting med stor julefrukost – Parkering

Julebord utan overnatting inkluderar:

Aperitiff i baren – Vårt store tradisjonelle julebord – Kveldens stand-up eller musikkshow i Valhall – Levande musikk i pianobaren – Fri garderobe – Parkering

For meir informasjon og bestilling ta kontakt med ragnhild.saue@stord-hotel.no