VÅRKAMPANJE – Konferanse

I løpet av våren har me ekstra god pris på konferanseopphald!

Me har konferansepakkane som gjev deg masse energi og tid til å tenkja. Ta turen ut av kontoret og møt dine deltakarar i eit av våre 10 fleksible møterom, som kan ta imot alt frå 2 til 325 personar. Våre møterom er velutstyrte og i tilknyting til dei er det hyggelege pauseområder der nytrekt kaffi med søte og friske freistingar vert servert.

Me kan tilby eit rikhaldig lunsjbord og ein smakfull 3-rettars konferansemiddag. Me har flotte fasilitetar med restaurant, lobbybar og pianobar med levande musikk. Hotellets symjebasseng og sauna, samt vårt treningsrom er sjølvsagt fritt tilgjengeleg for alle våre gjestar.

Lat oss ta detaljane, slik at du som vår gjest kan fokusera 100% på innhaldet!

“Velkomen til Stord – konferansepakke”

  • Møterom med standard teknisk utstyr og prosjektor
  • Trådlaust internett til alle deltakarar
  • Kaffi/te/isvatn tilgjengeleg heile dagen
  • Frukt ved møtestart
  • 2-rettars lunsj eller lunsjbuffé
  • 3-rettars konferansemiddag
  • 1 overnatting i standard enkeltrom
  • Frokostbuffé avreisedag
  • Parkering

Pris per person i enkeltrom:     1695 kr

 

Våren er den perfekte tida for konferanseaktivitetar! For dei som ønskjer å få mest mogeleg ut av opphaldet og engasjementet til deltakerne, vil me anbefale å kombinere fagleg innhald med morosame og inspirerande gruppeaktivitetar. Me kan blant anna tilby vinsmaking i hotellets vinkjellar, teambuilding på Kristornbua, leirdueskyting på Litlabø eller ein gøyal quizrunde på hotellet. Me er behjelpelege med råd, tips og tilrettelegging.

Sjå vår aktivitetsmeny for 2019 her

 

Vilkår:

  • Prisane gjeld for arrangement i mars til mai 2019, kor 15 eller fleire deltakarar overnattar.
  • Kampanjen gjeld t.o.m. 30. april 2019.
  • Kampanjen gjeld ved ledig kapasitet på hotellet. Her gjeld det å vere tidleg ute.
  • Oppgje tilbodskode VKK19 ved bestilling.

 

For meir informasjon og bestilling ta kontakt på tlf: 53 40 25 00 eller booking@stord-hotel.no