Familiejulebord

Sundag 2. og 9. desember ønskjer me heile familien velkomen til ei hyggeleg førjulsfeiring. Nyt vår herlege julebuffet med freistingar for både store og små. De finn mellom anna pinnekjøt frå Lundal, pølse og spekemat frå Åkrafjorden, røykelaks frå Espevær og sjøkreps. Me tek vare på gode, norske julemattradisjonar!

Det vert juleverkstad for borna og nissen kjem med overraskingar!

Buffet frå kl. 13:00 – 16:00

Pris 570,- per vaksen / 275,- per born (5 – 12 år)

Hugs tinging av bord!