Viltweekend

Haustens forførande smakar på Stord Hotell

Fredag 26. oktober–søndag 28. oktober

Hausten er fantastisk! Friskt vær, løvfall, flotte fargar, vandring i sjøkanten og fjellturar. Når det kjem til mat er det ingen tvil om at me går inn i ein av dei beste sesongane med tyttebær, sopp, rotfruktar, viltkjøt og sjømat er nokon få me kan nevna.

Stord byr på flotte naturopplevingar anten det er tur til Kattnakken, i Hystamarkjo eller Landåsen, eller kanskje ein handletur i Leirvik sentrum som er i gåavstand frå hotellet.

Laurdag kveld lagar vårt kreative kjøkkenteam ein stor og variert haustbuffet med kalde og varme rettar inspirert av råvarer frå fjord og fjell. På vårt freistande desserbord finn du ostar, heimelaga dessertar og kaker.

Hugs danseskoa, for etter maten blir det garantert topp stemning med pianisten som sørger for svingande dansemusikk i Pianobaren.

Ta med deg kjærasten, familie eller vener, og sjå fram til eit flott hotellopphald på vakre øya Stord, i Kystperleriket Sunnhordland.

Laurdag – Sundag

Prisar inkl.: Haustbuffe – Levande musikk i Pianobaren – Ettermiddagskaffe m/ kake – Fri adgang til bassenget – Parkering – Frukostbuffe

Pr. person i dbl.rom kr. 1 095.-
Person i enkeltrom   kr. 1 495.-

Fredag – Sundag

Prisar inkl.: Haustinspirert 3-retters fredag kveld – Haustbuffe lørdag kveld – Levande musikk i Pianobaren – Ettermiddagskaffe m/ kake – Fri adgang til bassenget – Parkering – Frukostbuffe

Pr. person i dbl.rom kr. 1 995,-
Person i enkeltrom   kr. 2 695,-

 

Viltbuffet Laurdag

Kanskje du kun ønskjer ein hyggeleg kveld med god haustmat og drikke. For bordreservasjon ta kontakt med oss på telefon 53 40 25 00 eller send ein førespurnad til booking@stord-hotel.no

Haustbuffe pr. person kr 545,-