Heilaften med show og vårt tradisjonsrike julebord!

I fleire år har me skapt julestemning, og me gler oss til å invitere våre julebordsgjester til eit pynta hotell også i år. Kvar fredag og laurdag frå 17. november til 8. desember er det duka for julebord på Stord Hotell. Hos oss kan du nyte vårt store, innbydande og velsmakande julebord. Vårt tradisjonelle julebord består av varme og kalde rettar, dessert- og kakebord med søte freistingar. Her finn du alt du kan tenkje deg av julemat- og litt til! Me kan mellom anna tilby pinnekjøt frå Lundal, pølse og spekemat frå Åkrafjorden og sprøsteikt svineribbe frå Fana. På vårt velfylte julebord kan me i tillegg freiste med herleg sjøkreps, ferske reker og hummar. Me tek vare på gode, norske julemattradisjonar!

Etter eit festlig og godt måltid tilbyr me i år 4 fantastiske julebordshow, og etterpå vert det spela opp til dans i storsalen vår Valhall av DJ Stian.

Julebord med overnatting inkluderar:

Aperitiff i baren – Vårt store tradisjonelle julebord – Kveldens show i Valhall – Dans til DJ Stian – Levande musikk i pianobaren – Overnatting med stor julefrukost – Parkering

 

17. NOV – SJUR HJELTNES

Eit musikalsk humorshow – der tar han fram mikroskopet og ser nærmare på livet, døden, kjærleiken og musikken. Utan hemningar pløyer han igjennom musikkhistorien fram til i dag på jakt etter godbitar, gløymde låtar og skjulte skattar.

 

23./24. NOV – THE COP AND THE CAPTAIN

Årets show – Saman har Captain Frodo og Vidar Hansen no laga eit show som vil underhalde, sjokkere og overraska. I tillegg til at det er morosamt. Velkomen til eit show du seint vil gløyme med ein fin blanding av galskap, magi og tankelesing.

 

01. DES – HEINE TOTLAND  

Heine Totland’s Rock and Roll Circus – Denne humørpillen av eit band får stemningen i taket, og er perfekt for ein festkveld i alle aldre. Med spelegleda og smittande energi vert det servert dei beste “Rock & Roll låtane frå 50- og tidleg 60- talet.

 

07./08. DES – TIDSREISEN MUSIKKSHOW

Roy Vorland, Linda Eikeland og Anette Genius med band tar oss igjennom eit forrykande musikalsk show. Me spolar tilbake og puplikumsfavorittande frå dei største 10’år skal framførast. Velkomen til ein heilaften med show og servering av deilig julemat på same plass!

 

For meir informasjon og bestilling ta kontakt med ragnhild.saue@stord-hotel.no