Annonsørinnhald

Sommar og ferietid!

Mange skreddarsyr sin eigen Norgesferie no. Er du klar for å oppdaga vakre Sunnhordland i sommar?

Ta med deg familien til Stord i sommar og bu på Sunnhordlands største hotell. Her er det kort avstand til spenande opplevingar for heile familien. I sommar har me gode tilbod for familiar, anten du reiser med små barn eller tenåringer!

 

Småbyen som har alt

Småbyen Stord er rik på både kulturliv og vakre naturopplevingar. I maritimt miljø rundt Leirvik hamn kan bykjernen mellom anna freista med eitt av Sunnhordlands største handels- og servicetilbod, kafear og restaurantar, utestader, fleire museum og kunstgalleri, trenings- og velværetilbod, og ikkje minst eit levande kulturhus med ulike førestillingar og aktivitetar året gjennom. 

 Familierom 2+2 

 

Som regionsenter, er Stord også eit fantastisk utgangspunkt for å utforska alt resten av Sunnhordland har å visa fram mellom havet i vest og isbreen i aust. Kva med havrafting i dønningane frå Nordsjøen, med strandhogg på landemerket Slåtterøy fyr på Bømlo?

Høyr med oss, så kan me planleggje for ein fortreffeleg ferie, feiring for familien, eller berre ei avkobling for deg og den du er glad i. Her finn du kontaktinformasjon

Tett på naturen

Nær sentrum finst det òg ei rekke flotte og lett tilgjengelege naturområde, med eit mylder av skogsvegar og stiar som lokkar fram turgåaren, joggaren eller syklisten i deg. Landåsen-området har til dømes både lysløype, eventyrsti, bade- og fiskevatn. I Hystadmarkjo vandrar du langs fjord og flotte badeviker gjennom Nord-Europas største svartorskog – med gravrøyser frå bronsealderen og ein gammal kolerakyrkjegard like attmed turstien.

Vil du opp i høgda, ligg Stordafjellet berre ein kort køyretur frå sentrum – med den flott konstruerte sherpatrappa opp Fossabrekko som hovudinnfallsport til himmelsk utsikt. Vel oppe dei 624 trappetrinna har du også eit flott utgangspunkt for turar vidare til toppane Kattnakken (724 moh.) og Stovegolvet  (703 moh.) – der vidsynet over store delar av Sunnhordland lett tar pusten frå deg.

Supplerer du alle desse moglegheitene med tilbod om alt frå yoga til velværebehandlingar, leirdueskyting, båtturar, bowling, gruvemuseum og to golfbanar – skulle det vera rom for aktivitetar som fengjer dei fleste.

Me skreddarsyr aktivitetspakkar som passar deg og dine.
Sjå vår aktivitetsmeny her

Smak på Sunnhordland

Med Stord som utgangspunkt, bur du og din familie midt i «matfatet Sunnhordland». Regionen har nemleg ein rik flora av små og større produsentar som tilverkar saltmat, søtmat og leskande dropar basert på råvarer og foredlingskunst frå havet, fjordane, gardane og bygdene rundt oss.

Sunnhordland er til dømes heimstad til den verdskjende Salma-laksen og det prisvinnande handverksbryggeriet En Liten Øl, og har fostra kokkar som Geir Skeie og Ørjan Johannesen – som begge er verdsmeistrar i kokkekunst etter å ha vunne den prestisjetunge Bocuse d’Or-konkurransen.

Våre kokkar veit å hausta frå det lokale matfatet.

Sov godt!

Etter dagens aktivitetar er det godt å finna roa i eit romsleg hotellrom. Det er få ting som er betre enn å synke ned mellom dyner og puter i ein deilig hotellseng. 

Opphaldet hos oss inkluderar familierom med flott utsikt over Sunnhordlandsbassenget, deilig frukost i Brasserie 59° og parkering. Ved ankomst får alle barn i sommar isbong, og for dei aller minste har me ein ekstra overraskelse. Me har lekerom med kjekke aktivitetar, bordtennisbord inne og basketballstativ ute. Kvar kveld visar me ulike filmar og barna får popcorn.

Eit besøk du vil hugse!

Opplev Kystperleriket

Sol og bading høyrer ferien til, men norsk sommer kan by på både regn og sol. Skulle det ikkje la seg gjera å dra til ein av våre fine badeviker, har kulturhuset på Bømlo open symjehall heile sommaren. Der finn du mellom anna basseng med stupetårn og vannsklie, samt oppvarmet barnebasseng. Er du gjest på Stord Hotell i sommarferien og det regnar ute, spanderer me bading på deg og dine!

Frisk, ekte og spanande er dei tre orda som skildrar denne regionen!

Velkomen til Stord Hotell

Eit besøk du vil hugse

+47 53 40 25 00

Velkomen til Stord Hotell

Les meir om kva me kan stå til teneste med, og book ditt neste arrangement hos oss!

Illustrasjon av nettstaden vår.

Annonseinnhald utarbeida av Zpirit AS for Stord Hotell.